Hallingskarvsymposiet 2017


Vår partner i Hardingmarsj arrangerer symposium og tur over Hallingskarvet helgen 28. - 30. april 2017. Symposiet går lørdag kveld, mens turen over fantastiske Hallingskarvet går søndagen. Hotellets gjester er velkommen til å være med på symposiet selv om dere ikke skal gå turen over Hallingskarvet. Vi gjør oppmerksom på at NSB stenger Bergensbanen lørdag 29. april, og alle som skal til fjells den helgen må komme fredagen.

Arrangøren skriver så fint på nynorsk:
Velkomen til fjells, til den venlege – og stundom brutale – armen mellom Hardanger og Hallingdal: Hallingskarvet. Dette vidgjetne fjellet med den karekteristiske formasjonen og dei mange sogene. Vel møtt til å gå i samla tropp over Skarvet for å markera vårkjeta under parolen «HardingMarsj: Hallingskarvet på langs 2017». Ferdalaget tematiserer fjellskivandring i historisk perspektiv og vil bringa med seg våren i form av blomar og spekjekjøt frå Hardanger til Hallingdal.

PROGRAM
Velkomen til fjells og inn i varmen kor høgfjellet skal heidrast. Fjellferdsel generelt og Hallingskarvet spesielt er tema når fjellfolk i alle fasongar vert inviterte til høgfjellssymposium på Finse. Temadrøs i skjeringspunktet kuriosa/fag. Ein uformell arena med opning for dei grandiose tankane utan krav til svar.

2100 Film
Treskiproduksjon i Hardanger. Treskiproduksjon var utbreidd i Hardanger i ei årrekkje. Ein historie vart kveikt liv att i då Utne skifabrikk vart børsta støv av og maskinene sett i stand.
2115 AK Glück-Teigland, leiar HardingEkspedisjon
Hardingen Fridtjof Nansen. I 1884 kom den unge zoologistudenten i Bergen, Fridtjof Nansen, over ei lysing i Norsk Idrætsblad at det skulle arrangerast skirenn i Husebybakken i Oslo. Han pakka sekken, snørde skia og strauk over fjellet for å delta. Vinteren 2017 gjennomførte 10 hardingar ei ferd i fotefara hans.
2200 Pause
2215 Knut Anfinset
Soga om Hallingskarvet skisenter. I 1981 starta arbeidet med å laga skisenter med sjølvaste Hallingskarvet som bakteppe og leikegrind. Me har fått sjølvaste opphavsmannen til skisenteret til å fortelja om livet som premissleverandør av skiopplevingar ved foten av Hallingskarvet.
2250 Utdeling Årets Hallingskarvar
Prisen går til ein som har fronta høgfjellet generelt og Hallingskarvet spesielt. Namnet vert rita inn på ei treski som heng på Finse 1222.
2300 Slutt

Det er noen ledige plasser på turen, og vi anbefaler gjestene våre til å delta på både symposiet og turen over Hallingskarvet. Det koster kr 750 per person, inkludert turleder og programmet i Peisestuen lørdagen. Påmelding kan gjøre her. Reise, overnatting og middag organiseres og betales av hver enkel. Vi har fullt på hotellet, men det skjer alltid endringer, så ta gjerne kontakt hvis du ønsker å stå på venteliste.